Det første møte med byen

Barndom 0 comments

Alf Dreggeviks møte med Storbyen Stavanger i 1927 – 12 år gammel.


Alf Dreggevik – 1915-2000, var født i Erlandsdalen i Strand og bodde der hele livet. Det var en liten gård,

kun med vei til Kvalvåg, hvor rutebåten la til. Her forteller han om båtturen og det første møte med byen. 

Dette er en liten del av en minneoppgave for eldre som han skrev i 1996.

Alf spiller på sag, gårdshuset i bakgrunnen. (ca 1985-1995)

Fyrste gang te byen
Og så var de den fyrste gangen eg skulde vera med til byen. Eg var tolv år, eg hadde ikkje vore i byen før og nå var dette spennande. Han far og farbror hadde kjøpt ein båt saman og denne båten skulde me reisa til Stavanger med. Båten heite Ormen Lange for den var lang hadde ein motor som heite Rapp. Me hadde ein lang veg til sjøen ved Kvalvåg. Komne ned til mottorbåten trafte me han Jonas. Han var og såg til skjøyta si. De var begynt å blåsa kraftig. Han Jonas var tenkt og reisa me skjøyta til byen han og Sigvald bror hans. Men han såg ikkje i stan til og legga ut for han meinte de var for sterk storm.Vinden var søraust. Han farbror hadde allerede sett på fyrelampen på mottoren, og etter ein tid var maskinen igang. Og nå var då setja farten opp ut vågen og forbi Itsalsunde. Eg sit framme i båten, der var ikkje hytte så de var såleis at eg langs fremme så kunne ein få mest livd for vinden og sjøskvett. Og nå var me komne sålangt, båten begynte få føling med bølgene den hevet baugen høgt og slo ner med kraft og då var de som båten skulde truffe berg der eg sat i baugen. Han farbror ropte til meg og spurte om eg var redde, å nei fekk han til svar anten de var så eller ikkje. Han far passa rore og det var mykje viktig. Han farbror og far var kledd i oljehyre-uverskler for sjørokket raug over atterenden på Ormen Lange. Ormen Lange var båtens navn som me hade gitt den for båten var lang og den var smal. De var ein Aslagsbåt. Bestefar hans Alfred og Martin i Vigå hadde bygt den. Han Aslag var ein god båtbyggjar. Nå hadde me kursen for Fiskevig på vestsiden av Idsø. Og nå var de god oversikt øve Høksfjoren. Bølgetoppane var store og sjørokke stod til vers over fjorden. Eg følte meg kvalmen og måtte kast opp. Her på Fiskevig skulde me nå lasta inn ein del stein for og få båten stivare i sjøen så den ikkje slo så mykje. Han farbror og far var redde der kunde slås av bånnaglar når båten var så lett. Nå narma me oss Kalvøynå og då var de Gansfjorden igjen.Strandkaien, Stavanger 1920 åreneMe kom til Stavanger ut på foremidagen og tok i land ved Nygård og Dale ved Fiskepiren. Eg var glad og koma på land i byen. Eg var med far og hanla forsjellige ting, de var matvarer og de var kler. Han farbror skulde av stad til Bjørheim ved Sankthansgatå. Der budde og han onkel Kaspar. Han var bror til farbror og far. I byen var der mykje å sjå. Hestar som kjørte i gaten med kjerrer med kjerrejul som skramla mot broleggningen i gatene. Og hestalort kunde ein sjå både her og der. Det var nokså heimsleg i så måte. Og me måtte  og ha ein tur til torjå for der og kjøpa sei. I den tid var de fin sei og få kjøpa billig. Då me kom til bake til Fiskapiren traf me farbror og nå vert de bestemt at så snart me vert ferige skulde me starta på heimveg at.De såg ut til at vinden hadde stilna mykje. Me hadde nå fått alt ombord. Så nå var de igen og varma opp mottoren og starta avgåre. Kursen vert forandra slik at me hadde kurs for Brattholmen og Viersundet. Vinden hadde løya ein god del her på Gansfjorden. Men den vert nokk sterkare når ein kommer på Høksfjorden. Her mydlå Brattholmen – Viersundet er der ganske smult farvan. Eg kan nå finna min vante plass helt fremme i baugen på båten. Og nå har Ormen Lange igjen letta baugen og slå hart ned. Me helt på og runda Vierneset og her står heile Høksfjorden på og nå har me kurs for Breivik. Komne til Breivik ver de og legg godt opp mot Hammarfjelle for derifrå og sett kurs mot Idsasunde. Og nå vert ein sjøskvett og sjøråk. Med stormen og sjøråke på styrebord side. Båten hadde ein annan sjøgang den liksom rulla og vrei seg frem. De kom av at me hadde vinden ifrå siden. De var ein lettelse då me kom så langt at ein såg neset og kaien på Kvalvåg og kunde leggja til båten og koma oss heim. Han Jonas og Sigvald snakka med oss dei var forvetne korleis de hadde godtt. Han farbror og han far sa at de hadde godt bra.Eg var av ein annan meining og sa at de var så vitt me greide de. Og nå var de og komma seg heim, der var mykje og fortella om byreiså for dei som heime er.

Det finnes mer som han har skrevet på Strand Historielags side.Det kan en lese her.   http://www.strandhistorie.no/index.php/folkfrastrand/minneoppgaver/133-dreggevikalf